Ingen ny buldrehall, men framleis noko godt i vente!
- drift319
- 20 hours ago
- 1 min read
Styret i SKK har valgt å avslutte arbeidet med å opne ein ny klatrehall i området. Dette gjer me på bakgrunn av svara me har fått i medlemsundersøkinga som me sendte ut tidlegare i haust, samt fleire diskusjonar i styret sidan årsmøtet 2025, der forslaget til "Sunnmørsk buldrehall" vart presentert.
Me ynskjer ikkje minst å takka Hallnemnda for det store arbeidet dei har lagt ned med å sjå på fleire ulike løysingar, søke økonomisk støtte og alt som har vore knytt dette arbeidet. Nemnda har stått på med føremål om å vidareutvikle og forbetre tilbodet til SKK! Det er me utruleg takksame for.
Nærare grunngjeving for styret si avgjerd er å lese HER
Utbetring av eksisterande tilbod
Hallnemnda søkte om midlar til prosjektet "Sunnmørsk Buldrehall"og fekk løyving frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre til dette. Etter at styret i SKK beslutta å legge prosjektet på is vart det forfatta ein ny søknad om omdisponering av midlane. Styret fekk tilslag på omdisponering av delar av midlane til nytt prosjekt som fekk tittelen "Betre klatring på Søre Sunnmøre". Omdisponeringssøknaden omhandla eit firedelt prosjekt:
Autobelay - Ei fornying og utvidinga av Autobelaytibodet i hallane som klubben driftar
Moderne ruter - Innkjøp av nye grep og volum for å kunne skru fleire og meir interessante ruter på veggane.
Treningsområde Ørsta - Reperasjon av Kiltervegg og utskifting av serie på moonvegg.
Spraywall Volda - Ombygging av indre buldrevegg i 2. etasje for å etablere ein treningsvegg i Volda.
Vi er alt i gang med å realisere fleire av prosjekta, og håper at oppgraderinga av tilbodet fell i smak hjå medlemmene i klubben.
Beste helsing Styret og Driftskoordinator.






