Ingvill Kleinrath representerte denne helga Sunnmørsk Klatreklubb under nasjonal buldre konkurranse for juniorar. Der klatra ho inn til ein sterk 3. plass i klassen ungdom C (12-13år). Eit resultat som er særs godt med tanke på at konkurrentane kjem frå ulike klubbar i heile Noreg. Vi i SKK gratulerer Ingvill med ein solid prestasjon!
Ingvill Kleinrath t.h på bildet har mottat premie på pallen.
Konkurransen fann stad i Lillehammer og gjekk frå lørdag-søndag denne helga (11.-12. desember). Det vart testa ut eit nytt og spennande buldreformat der formålet var å gi deltakarane fleire finaleplassar og dermed meir klatring. Arrangementet er eit sammarbeid mellom Noregs klatreforbund, Lillehammer Klatreklubb og Tyrili klatring. Målet er å samla ungdommar frå 12-19 år og gi eit nasjonalt konkurranse tilbod retta mot ungdom og buldring.
For meir informasjon knytte til nasjonal buldre konkurranse for junior, sjekk linken: https://klatring.no/arrangement/167
Comments