top of page
Search

Jubileumsbankett og foredrag med Stein P. Aasheim

Sunnmørsk klatreklubb har gjennom året 2024 markert 50-årsjubileum. Dette skal feirast på skikkeleg vis med bankett og foredrag 26. oktober. Fyrst får me storfint besøk og foredrag ved Stein P. Aasheim i Ørsta kino kl. 18. Kvelden vil fortsetje på Hotell Ivar Aasen med trerettars middag kl. 20. Me håper flest mogleg vil nytte høvet og dele denne heilaftanen!


For dei som ikkje kjenner Stein P. Aasheim så er han mellom anna kjent for fleire ekspedisjonar i Himalaya: Trangoekspedisjonen i 1984 og den første norske bestigningen av Mount Everest i 1985. Han var også med på ekspedisjon til Antarktis frå oktober 2011 saman med Vegard Ulvang, Harald Dag Jølle og Jan-Gunnar Winther. Ekspedisjonen følgde same rute som Roald Amundsen sin ekspedisjon i 1911-1912 og hadde som mål å nå polpunktet 100 år etter Amundsen. Han har lenge budd i Isfjorden i Rauma der han mellom anna har vore i leiinga for Norsk Fjellfestival i nabobygda Åndalsnes. Foredraget vil by på glimt av norsk klatrehistorie med historier frå mellom anna fyrstebestiginga av Trollveggen, den norske Mount Everest-ekspedisjonen i 1985, Trango og Drangnag-Ri.  Alt er med andre ord duka for eit spennande foredrag!


Kvelden held fram med bankett på Hotell Ivar Aasen. Her vil det bli servert gratinert sjøkreps til forrett, indrefilet av hjort til hovudrett og havtornpannacotta til dessert med moglege tilpassingar ved allergiar eller vegetar-/vegankost. Programmet vil ha nokre talar og innslag, men fyrst og fremst rom for sosialt lag. Arrangementet er også opent for ungdom mellom 15-18 år i følgje med føresett.


Prisar:

Foredrag og bankett (for medlem): Kr. 600,-

Kun foredrag (vaksen): Kr. 300,-

Kun foredrag (ungdom under 18 år): Kr. 100,-


Påmelding til foredrag og bankett via SKK sine nettsider og Rubic. For å sikre at alle som skal på bankett også får plass på foredraget vil det fram til 30. september kun vere opent for påmelding til denne pakka, samt for påmelding av ungdom til foredrag til rabattert pris . Når påmeldingsfristen til banketten går ut 30. september vil resterande billettar til foredraget kunne verte kjøpt på Ørsta kino sine nettsider, ev. i døra.


Treng du overnatting? Hotellet tilbyr rom med rabatterte prisar. 1275,- pr. enkeltrom og 1395,- pr. dobbeltrom. Dette reserverer du sjølv på e-post til booking.hotels@havila.no med referanse Klatreklubb50år


Me gler oss!




234 views0 comments

Recent Posts

See All

Comments


bottom of page