Search

KILTERBOARD!

Denne veka har det landa noko som ser ut som ei kulisse frå TV-serien Star Trek i treningsområdet i Ørstahallen (innst på messaninen). Dette er ein treningsvegg av typen Kilter Board. Tysdag ettermiddag var Tjelmeland Friksjon ferdige med installasjonen, og treningsveggen er alt teken i bruk av ivrige medlemmer.


Ein Kiltervegg er eit komprimert buldreområde med dioder bak kvart einaste tak. Diodene lyser opp dei taka som skal nyttast for kvart problem, og styrast gjennom ein eigen app. Du kan lage dine eigne problem eller velge mellom snart 50 000 buldreproblem som brukarar av appen verda over sjølv har komponert. Om du lurer på korleis du skal løyse problemet kan du klikke på instagram-iklonet i appen og sjå videoar med forslag til løysing (også kalla "beta").


Ved sida av veggen heng det no eit oppslag med framgangsmåte for å koble telefonen eller nettbrettet ditt til veggen via blåtann. Veggen fungerer med fleire brukarar tilkobla samstundes, men vent med å endre på veggen til det er din tur!


Grønt grep = START for hendene

Blått grep = hand- og fot

Gult grep = kun fot

Lilla grep = SLUTT







209 views0 comments

Recent Posts

See All