top of page
Search

Kursaktivitet i november

Vi arrangerer tre innhaldsrike kurs i november. Det er fleire ledige plassar for påmelding, så her er det berra å slenga seg med. Kursa vil finna stad i Klatrehallen i Ørsta og klatrehallen i Volda. Kursa eignar seg godt for dei som skal prøva klatring for første gang, og dei som ønsker oppfrisking og betring av gamle kunstnar. Kursa er i regi av Sunnmørsk Klatreklubb.


Først ut er eit teknikk kurs 12. november. Dette kurset er for deg som klatrar grøne eller blå bulder, kanskje nokon gule, eller grad 5/6 på tau, men føler at teknikken din kunne ha godt av nokon innputt og nye måtar å røra seg på. Kurset blir fordelt på tre kveldar. Er dette noko for deg finn du meir info på Sunnmørsk klatreklubb sin Facebook-side.


Grunnkurs inne 22. og 24. november. SKK arrangerer kurs for nye klatrarar som ønskjer å ta Brattkort. Grunnkurs er eit kurs i sikker sikring og klatring. Brattkort er eit påkravd «sertifikat» for å sikra nokon innandørs. Kurset varar i 10 timar (2 dagar à 5t). I tillegg får du 2t oppfølging med instruktør i forkant av sjølve brattkortprøva. Vil du komma i gang med klatring? les meir på Klubbens Facebook side.


Oppfriskingskurs 26. November. Kurset er for deg som har brattkort, som ikkje har sikra på lenge eller berre treng ein repetisjon for å komma i gang igjen med klatring. Det blir 5 timar oppfrisking med instruktør. Kurset er sett av frå 17.00-22.00. Meir info på Facebook under arrangement.


Informasjon til påmelding og prisar finn de under arrangement på Sunnmørsk klatreklubb sin Facebook. Skulle det vera spørsmål knytt til kursa, er det berre å ta kontakt via Facebook.





190 views0 comments

Recent Posts

See All
bottom of page