Det har vore noko diskusjon kring bruk av autobelay siste tida, og denne artikkelen er eit forsøk på å klare opp i noko av det som folk lurer på.
Tre spørsmål går att oftare:
Spørsmål: Kven kan nytte autobelayane?
Svar: Alle som har anten brattkort eller topptaukort, har signert ansvarserklæringa til SKK og har sett seg inn i retningslinjene for bruk av Autobelay (du finn dei under og på oppslag i hallane) - kan handtere autobelayane. Born og personar utan topptau- eller brattkort kan gjerne klatre på autobelay, men det er personar med topptau- eller brattkort som skal handtere inn og utklipp og utføre kameratsjekk.
Spørsmål: Kvifor kan ein berre bruke Autobelay på dei linjene som heng rett under Autobelayen (og ikkje naborutene, for det er vel eigentleg berre å traversere inn til trommelen på toppen, eller sant?)?
Svar: Rutene som er skrudde til autobelay er skrudde på ein slik måte at dei skaper minimalt med friksjon mellom grepa og lina som ein koblar seg inn i. Dersom ein nyttar naborutene vil ein få utilsikta taudrag over grep og kan i verste fall hekte lina på side/undertak og oppnå z-drag. Ei autobelay-line kostar i overkant av 3000kr og kan slitast ut i løpet av ei veke dersom ein ikkje held seg til rett linje. Ei anna årsak til at ein ikkje kan klatre på nabolinjene er at ein då utsett trommelen for ei belasting frå ein vinkel som trommelen ikkje er sertifisert for. Ved slik bruk fell alle garantiar forsikringar bort, og ein kan i verste fall påføre trommelen farlig skade.
Spørsmål: Kvifor kan ein ikkje klatre på led på autobelay-linjene?
Svar: Autobelayane har ikkje toppanker som er berekna for dette. Å nytte siste opphengte slynge som toppanker er ikkje god praksis. Døme frå klatrehallen i Ørsta: Klatrar 1 hadde leda opp og snudd ved siste anker og blitt fira ned. Klatrar 2 skulle gå på "topptau" opp, og drog gjennom tauet slik at det var klart å klatre på "Topptau". Klatrar 2 klippa ut slyngene nedanfrå på sin veg oppover, og stoppa seg sjølv i siste liten då vedkomande var i ferd med å klippe ut siste mellomforankring, som i dette tilfellet var "toppanker". Risikoen for slike situasjonar er årsaka til at dei tre nederste mellomforankringane er fjerna.
-Men kan eg ta med eigne slynger og lage mitt eige opplegg? Nei. Vi har over 25 andre linjer å lede på i Sunnmørsk klatreklubbb sine hallar. Led på alle desse eller bruk eit av utefelta til å klatre på led.
Retningslinjene til Sunnmørsk Klatreklubb bruk av Autobelay er tilpassa lokale fohold. På fleire punkt er SKK sine reglar "slakkare" enn anbefalingane frå Norges Klatreforbund. Retningslinjene for Autobelay kan du lese her:
Få ein naboklatrar til å gjennomføre ein kameratsjekk av deg etter at du har gjort sjølvsjekken. Spør nokon i nærleiken, og still villig opp om du blir spurt om å ta kameratsjekk på andre. Kameratsjekk på autobelay består av å sjekke at selen er korrekt på, samt at karabinaren fra autobelayen er festa i sentralløkka og er låst. NKF sine retningslinjer for klatreveggeigarar frårår å tillate klatring på autobelay når ein er åleine i anlegget.
Gjennomfør alltid ein funksjonstest før du byrjar å klatre på autobelay. Etter at du har festa deg inn i karabineren dreg du ut litt slakk og slepp bandet. Du får då kontrollert at autobelayen strammar inn bandet når du klatrar.
Test bremsefunksjonen ved å klatre eit par meter opp frå bakken og sleppe deg ned igjen. Etterpå kan du klatre vidare helt til topps.
Følg retningslinjene og reglane til klatrehallen. Klatr aldri ruter/linjer som ikkje hører til/topper ut ved autobelayen du er innkoblet i. Klatre aldri for langt til sida for linja, dette for å unngå pendelfall (som fører til farleg slitasje på utstyret).
Om noko uventa skjer, vurder situasjonen. Kanskje kan du klatre rolig og kontrollert ned til bakken, eller feste deg inn i ei kortslynge i veggen?
Ta eit gløtt ned på selen og forsikre deg om at innfestinga er i orden før du slepp deg kontrollert ned frå veggen.
Sjekk at landingsområdet ditt er fritt for personar før du slepp deg kontrollert ned. Gje beskjed dersom nokon står i vegen.
Bruk alle sansane dine, inkludert auge og øyrer når du klatrar. Ikkje blokker høyresansen din med musikk på øyret. Det både distraherer deg, og gjer at du ikkje høyrer om nokon prøvar å rope livsviktig informasjon til deg.
Hugs alltid å feste karabineren i sperreseglet etter klatring. Ikkje fest den andre stadar enn i sperreseglet, heller ikkje midlertidig. Slepp ikkje bandet med karabiner opp til trommelen.
Klatring på led ved bruk av eigenmonterte forankringar er forbode på autobelayrutene.
Comments