Search

Lysbildesamlinga utsettast!

Fordi vi er usikre på korleis smittereglane vert framover så vel vi å utsette lysbildesamlinga 2022 i nokre veker. Då får vi også betre tid til å organisere påmelding, mat og overnatting på ein ryddig måte. Det vert altså framleis lysbildesamling på Standalshytta, men nokre veker fram i tid. Vi ventar på ny dato frå Aalesund Skiklubb, og kjem med meir informasjon om samlinga når dette er på plass.



Det er framleis rom for å melde seg med innlegg til samlinga. Alt du treng er nokre digitale bilete og ei historie å ramme det inn med!


Ta kontakt på drift@sunnmorsk-klatreklubb.no dersom du vil bidra.



63 views0 comments

Recent Posts

See All