top of page
Search

Medlemskveld i Klatrehallen i Volda

Tysdag 24 august inviterer SKK til medlemskveld frå klokka 18:00-21:00 i Klatrehallen i Volda. Tema for kvelden er trygg bruk og vedlikehald av sikringsbremsar, med hovudfokus på "automatiske" sikringsbremsar som til dømes Grigri.


Seminaret er meint for alle som er interesser i klatring og vil ha meir innsikt i korleis sikringsbremsar fungerer og kva ein må passe på når ein handterer og lagrar desse gjenstandane. Sindre Dimmen og Jan Vidar Øyen vil stå for demonstrasjonar og informasjon. Det vert sjølvsagt rom for diskusjon, utveksling av erfaringar


og spørsmål og svar!


I tillegg kjem Syver Nupen frå Sport1 i Ørsta med eit utval sikringsbremsar og litt anna utstyr som vert tilgjengeleg for sal. Medlemmer av SKK får sjølvsagt rabatterte prisar!


Gratis inngang, kaffi og fri aldersgrense!


Vi vil gjerne gjennomføre kvelden på ein smittesikker måte og ber difor om førehandspåmelding i dette google-skjemaet:



VEL MØTT!


219 views0 comments

Recent Posts

See All
bottom of page