top of page
Search

Meld deg på speedclimbing for juniorar!

Førstkomande laurdag 17. april arrangerer vi i samband med X2-festivalen ei klatrekonkurranse av det meir uortodokse slaget. Det vert ei klatrekonkurranse på tid, der vi nyttar dei nye autobelayane som er sett opp i hallen i Volda. Det vil truleg opne for klatring på tvers av kommunane frå og med fredag, så vi opnar for påmelding til konkurransen for juniorarar både frå Volda og Ørsta.


Vi fører strenge smittevernstiltak. Det vert ein og ein klatrar i hallen om gongen, og du vil få tilsendt ein epost med oppmøtetid fredag kveld. Du møter med munnbind og spritar hendene før og etter klatring. Under klatringa slepp du å ha på munnbindet.

Truleg vil det vere eit filmteam frå Oclin i hallen for å ta opp video til X2-festivalen sine sendingar.


Reglar:

For å melde deg på må du vere under 20 år.

Vi har ikkje dei standardiserte speedklatretaka. Ruta som skal klatrast vert difor ei rute på grad 5 (-?) on sight.

Det vert manuell tidtaking. Klar, ferdig, GÅ! Tida stoppar når du ringer i bjella på toppen. Beste registrerte tid vinn konkurransen.



63 views0 comments
bottom of page