top of page
Search

Molladalsamling 2022

Denne helga er det duka for årets tradisjonsrike samling i Molladalen! Her kjem ei siste oppdatering og ei lita huskeliste.


Meldingane byr på relativt generøse mengder vatn i førkant av samlinga. Det ser imidlertid ut til at det skal halde seg nesten nedbørsfritt på laurdagen, med fare for nokre dråpar seint på førmiddagen. Søndag er det meldt opphald heile dagen, men det ser ikkje ut til å bli mange solstrålar som slepp gjennom skylaget. Med desse meldingane i bagasjen kan vi rekne med at stien opp i dalen vil vere ganske blaut, og at fjellet (steinen) på mange ruter vil ha nedsett friksjon grunna dårlig tørk. Det må likevel seiast at det har vore gjort mykje god klatring i Molladalen i både tåke og regn. Dersom ein vel ruter med omhu og etter evne, kan kan dette bli ei opplevingsrik helg. Sosial omgang på teltplassen ved vatnet har aldri vore påvirka av været. Har ein ikkje sett tåka leike seg mellom pinaklane i Molladalen før, så er dette eit godt høve!


Driftskoordinator i Sunnmørsk Klatreklubb deler kontor med Christer Lundberg Nes i Sunnmøre friluftsråd. Han ser på værmeldinga, og siterer Hassa Horn: "Det er uværsdagene en husker best, de biter seg fast i ens erindring".


Hugseliste:

-Turutstyr for sunnmørsvær.

-Nokre vedkubbar til bålkos.

-Snyltekopp og noko til å helle i andre sine snyltekoppar.

-Plan og utstyr for sporlaus avføring (lighter og parafin/hundepose/hagespade...?)

-Hjelm og anna klatreutstyr.






129 views0 comments
bottom of page