SKK si tradisjonsrike Molladalssamling er lagt til siste helga i august. Dersom sprutregnet "Hans" vert etterfulgt av styrtregnet "Grethe" så har vi sett opp helga 15.-17. september som alternativ samlingshelg. Følg med på hendinga her på facebook for eventuelle oppdateringar om flytting.
Ta med deg telt og klatreutstyr og bli med på denne kjekke samlinga i Sunnmøre sin absolutt møraste indrefilet! Vi håper på tørr stein og greie temperaturar, slik at mange får høve til prøve seg på nye linjer i veggane.
Om du ikkje har klatrepartnar denne helga er facebook-gruppene Sunnmørsk Klatreklubb medlemsgruppe og Klatring på Søre Sunnmøre gode stadar å leite.
På kveldane vert som vanleg utvekslin
g av erfaringar, lyging, skryt og ros, middelmådige vitsar og din eigen medbrakte mat på primusen. Om alle tek med seg ein vedkubbe eller tre så får vi ekstra mosjon og eit varmande bål til kvelden. Utover dette har ikkje SKK korkje program eller ansvar for det deltakarane på samlinga gjer i fjellet.
Ta vare på den kjære dalen vår! Hugs å minimum ta med deg lighte
r for å brenne opp dasspapiret ditt, men helst ein hundepose for å frakte med deg lorten til offentleg renovasjon.
Det er inga påmelding.
Vel møtt!
Comentários