Search

Molladalssamling 27-29 august!

SKK si tradisjonsrike Molladalssamling er lagt til siste helga i august. Ta med deg telt og klatreutstyr og bli med på denne kjekke samlinga i Sunnmøre sin absolutt møraste indrefilet! Vi håper på tørr stein og greie temperaturar, slik at mange får høve til prøve seg på nye linjer i veggane. Om du ikkje har klatrepartnar denne helga er facebook-gruppene Sunnmørsk Klatreklubb medlemsgruppe og Klatring i Volda og omegn gode stadar å leite.


På kveldane vert som vanleg utveksling av erfaringar, lyging, skryt og ros, middelmådige vitsar og din eigen medbrakte mat på primusen. Utover dette har ikkje SKK korkje program eller ansvar for det deltakarane på samlinga gjer i fjellet.


I tillegg til klatreutstyr og overnattingsutstyr er det flott om alle hugsar å te med seg ein lighter til å brenne opp sitt eige dasspapir.


Ingen påmelding.

Vel møtt!


180 views0 comments

Recent Posts

See All