top of page
Search
drift319

Norangsdalen/Kopphammaren 22.06.24


Ankomst til Kopphammaren 10.00 på formiddagen til nydelige 16-17 grader med flau vind nedover dalen satt stemninga for dagen. Vi sette opp skilt med retning til klatrefeltet, men dette skulle vise seg å vere mindre nødvendig ettersom tilkomsten av folk var så og seie berre kjentfolk. Det vart tulla med at dette kanskje var meir ei mentorsamling enn ei samling med mentor, men i god gammaldags Silo-stil satt dei gode råda laust og alle var gira på å hjelpe folk opp dei ulike rutene.


Variasjon vart eit stikkord for dagen, dialekter, alder og ferdigheitsnivå gjorde denne samlinga til ein riktig flott bukett. Det var mykje aktivitet på dei velkjente rutene

  • No country for old men (6),

  • Yttersida (6), Midtsida (6+),

  • Storbonden (5+),

  • Andersruta (6),

  • Palmehaven (7),

  • Sikk-sakk (6+).

"Testpice'ane" Vulva (7) og Flaket (7) var også under angrep av fleire.


Ellers fekk fleire prøve seg på ei nydelig rute, bolta av Tommi Raty, RasPutin (7) som pumpa ut fleire som prøvde seg. Slapt Dieder (7-) fekk fleire til å undre seg over kva slags triks Tore har på lur i arsenalet sitt. Dette er ei skikkelig oppgåve å sette saman, med eit skikkelig kult bulderproblem i starten med skarp klatring vidare til det dreg seg i toppen med store flytt på små tak, heilt inn til snufestet. Grada kan vere det samme, denne linja byr kven som helst opp til dans!


Til saman hadde vi 18 stykk innom feltet medrekna alt og alle, med 14 som var på klippa. I løpet av dagen vart det god prat om klatring, livet og kaffikoking. Vi hadde få problem utanom dei som var vertikale.


Om du ikkje har vore innom feltet endå, ta turen - du vil ikkje angre. No har du mange i klatreklubben som kan vere med å vise det fram, dei som har vore der har nok lett for å dra tilbake, så ikkje nøl med å spør!


Beste helsing Anders L







139 views0 comments

Recent Posts

See All

Comments


bottom of page