top of page
Search

Noregspremiere på The Alpinist + Foredrag av Ayres Leslie 13. januar 2022

Gladnyheit! I samarbeid med Ørsta kino viser vi Noregspremieren av The Alpinist 13. januar 2022. I den nervepirrende dokumentaren The Alpinist møte vi Marc-Andre Leclerc «klatrernes klatrar», og følgjer han på ei spektakulær ferd opp eit is- og snødekt fjell i Argentina – ein av få gangar han har tillate nokon å dokumentera han.


Kanadiaren har klatra nokon av verdas mest komplekse og utfordrande ruter mutters åleine. Motivert av rein kjærleik til klatring, verkar hans villighet til å risikera livet for unike naturopplevingar like forbløffande for andre profesjonelle klatrere som for menneske som aldri har sett beina sine på eit klatresenter. Med andre ord, ein film for alle!


Filmen blir sett opp på Ørsta kino og i det høvet kjem Ayres Leslie og held eit foredrag om opplevingane sin med isklatring i Noreg. For å delta kjøpar du kinobillett til visninga som startar kl. 20:20. Billetten gjeld altså for både foredrag og kino. Medlemmer i SKK får rabatt ved å bruka koda som vi har posta i medlemsgruppa til SKK på Facebook. Æresmedlemmer går gratis.


Foredraget frå Klatrelegenden Ayres Leslie (76) har han valt å kalla refleksjonar i isen. Foredraget vil vara opp mot ein time, og vera ei oppvarming til filmen The Alpinist. Her er Ayres sitt eige sitat til det foredraget vil handla om.




«Det er nesten umogleg å vita korleis isen på ein foss vil utviklar seg frå dag til dag, eg er så fascinert av han! Eg gleder meg kvart år til å frysa, til å sveitta og banner og brøyta ein veg gjennom tette buskar og ulendt terreng med alt for mykje snø. Det er merkeleg, men slik er eg sydd saman. Gleda av å komma fram under fossen kan variera alt etter forholdet, det er ein del av ei ny oppdaging! For å seia det litt høgtideleg, er dette på mange måtar essensen av å oppleva pulsen til naturen.


Eg vil forsøke å skissera med hjelp av nokre bilde og min eige minnet, nokre anekdotar frå omtrent 40 års isklatring, sjølvsagt prega av mitt eige perspektiv. Hovudsakleg turane er frå heimtrakter, (dvs Valdres, Hallingdal og Gudbrandsdalen).»


15.12.21: Avstandsrestriksjonane som gjeld no gjer at vi har makskapasitet på 50 gjestar. Dette kan endra seg, men per no er det dei reglane vi må forhalda oss til. Om det blir behov vil Ørsta Kino setja opp fleire framsyningar av filmen.


56 views0 comments

Recent Posts

See All
bottom of page