top of page
Search

Nye reglar for taubrems i SKK sine hallar!

Norges klatreforbund gjekk i fjor ut med ei anbefaling om bruk av assisterande taubrems ved all tauklatring innandørs. No påbyr SKK bruk av assisterande taubrems i dei klatrehallane som vi driftar. Påbodet trer i kraft frå 1. juli 2023, og fører naturlegvis med seg eit forbod mot manuelle taubremsar (tube/hylsebremser). Innføringa er i tråd med Norges klatreforbund sine anbefalingar.


Assisterande taubremsar kjem i to ulike variantar:


Geometrisk assisterande taubrems: - Taubrems utan bevegelige delar som er utforma slik at den også skal gje bremseeffekt dersom bremsegrepet sleppast. For å være sikker skal det også ved bruk av desse taubremsane alltid være et solid bremsegrep. Eks: Edelrid Jul, Black Diamond Pilot, Mammut Smart.


Mekanisk assisterande taubrems: - Taubrems med bevegelige delar som i hovedsak skal gi bremseeffekt dersom bremsegrepet slippes. For å være 100% sikker skal det også ved bruk av desse taubremsane være et solid bremsegrep. Eks: Petzl Gri Gri, Camp Matic, Beal Birdie, Mad Rock Lifeguard.


Fram til påbodet trer i kraft første juli, vil det vere mogleg å låne assisterande taubremsar gratis i SKK sine hallar under drop in. Vi har kjøpt inn Edelrid Jul, men kjem også til å skaffe eit mindre antal andre variantar, slik at det er mogleg for deg som er medlem i klubben å prøve litt ulike modellar før du kjøper din eigen.


Dette påbodet er det sikkert delte meningar om, men vi vil anbefale å lese kva Norges klatreforbund seier i si anbefaling ved å følge linken under. Er det ellers spørsmål så er det berre å ta ein prat med oss, enten når du er i hallane og klatrar, eller via epost eller messenger.



God og trygg klatring!






857 views0 comments

Recent Posts

See All
bottom of page