top of page
Search

Nye retningslinjer frå NKF for klatring på Autobelay


Norges Klatreforbund sin sikkerhetskomité har arbeidd fram nye retningslinjer for klatring med sjølvsikringsmaskiner, også kjent som autobelay. Bakgrunnen for dei nye retningslinjene er statistikk som klart viser eit aukande problem med at klatrarar gløymer å klippe seg inn før dei klatrar. Slik kan ein ikkje ha det, og det vert difor sett i verk nokre tiltak for å demme opp for dette tryggleiksproblemet. Ved kvar autobelay er det no slått opp ei plansje med retningslinjene frå NKF. 


I tillegg til desse punkta kjem det frå SKK si side til å verte nokre endringar på dei linjene det er Autobelay på. I Ørsta vert venstre autobelay flytta ei linje til høgre, slik at den kjem inntil den andre linja. I Volda vert det nok også ei flytting av den venstre autobelayen, slik at denne kjem over på høgre side. Nye rektangulære sperresegl er bestilt og vert monterte så snart dei er klare. Det vert også forbode å klatre på led på desse linjene, men slyngene frå 4. bolt og oppover vert hengande. Årsaka til det er at det skal vere mogleg å klippe inn sentralløkka dersom ein oppdagar at ein har gløymt å klippe seg inn. 


Gjer vel å respektere at det berre er rutene som går mot toppen av Autobelayane som skal klatrast på med autobelaysikring. Traversering og pendelfall fører til enorm slitasje på bandet, og fall utanfor linja kan gje slagskadar på trommelen i toppen.


Les gjerne denne artikkelen om retningslinjene på NKF sine sider.




43 views0 comments

Recent Posts

See All
bottom of page