top of page
Search

Nye ruter og tilrettelegging på Hide/Blåfjellet

På Hide/Blåfjellet har det komme oppdateringar og Tore Lundberg har lagt til rette for nye ruter og betre anmarsj med ny A-stige over gjerdet til bonden. Fleire av linjene kan/bør klatrast som 2 taulengder. God klatring! Under kjem det eit skriv frå Tore Lundberg med forklaring og bilete på oppdateringane som han har foretatt.


Hoi,


Sidan grisane til Hidebonden går på utmarksbeitet, er ‘landinga’ på

gamle A-stigen vorte til depel - aka svinesti. Eg har laga ein ny

A-stige på bergryggen 10m tv; bruk den.


Bilete: Ny A-stige på bergryggen.

På høgredelen av Blåfjell er der fleire trad/nat-ruter, men dei er

lite vitja. Eg har laga 2 snufester sentral på klippa; eitt 20m og

eitt 30m oppe. Vidare har eg rydda ruter som endar i desse snufester

for lausgods. Eg har laga startvariantar (mix) på 2 gamle ruter, og

laga ei ny; Forrett (2tl, mix, 6, 7-). Svært fin klatring her, men

litt krevande sikring.


Bilete: Dei nye rutene og variantane er inntegnet på bildet som viser høgre del av Blåfjellet.

Like til høyre for 3-kant tårnet midt i veggen er det no 2 nye, fine ruter;

Svinøy (2tl, 6+ bb, 6- mix)

Skorpå (2tl, bb, 7-, 6+).

På tårnet er der 2 nye, fine ruter; Solsnu (bb, 6-) og Pinse (bb, 5+).


Tore L, Moltustranda

262 views0 comments

Recent Posts

See All
bottom of page