Search

Opningstider i romjula

Klatrehallane er stengt julaftan, 1.juledag, nyttårsaftan og 1.nyttårsdag.

Utanom dette er hallane opne for medlemmer i dei ordinære opningstidene. Klatrehallen i Volda har ekstraordinært ope for medlemmer den 28. desember, sjølv om dette er ein tysdag og det normalt sett er stengt.


Har du besøk av nokon som du vil ha med deg i ein av hallane? Ingen problem. Då er du ansvarleg for at gjestane signerer ansvarserklæring og vippsar inngangsbillett.


Hugs at alle MÅ booke tid i Makeplans. Vask fingrane fri for ribbefeitt før du klatrar, og nytt sprit kun utvortes mellom klatring av ruter.


Med ynsker om ei trygg og triveleg jul,


Frå driftskoordinator og styret i Sunnmørsk Klatreklubb







402 views0 comments

Recent Posts

See All