top of page
Search

Oppdaterte smittevernsreglar frå 19.04

Etter nokre veker med strenge smittevernsreglar starta regjeringa første trinn i gjenopningsplanen fredag 16 april. Dette medfører litt oppmjukning av reglane vi har hatt i klatrehallane dei siste vekene.


Frå mandag 19 april er det følgande reglar som gjeld i klatrehallane våra

(Plakatane i klatrehallane vert oppdaterte ved tidlegaste høve)

  • No er det 1 meters avstand som gjeld

  • Hallane er opne for innbyggarar frå alle kommunar

  • Det er ikkje lenger krav om munnbind

  • Drop in held fortsatt stengt inntil vidare. (Truleg til neste trinn i gjenopningsplanen, vi kjem med meir informasjon og opnar for drop in so snart det er forsvarleg mtp smittevernreglane.)

  • Antallsbegrensningar:

    • Klatrehallen i Volda: Maks 16 personar i hallen samtidig.

    • Klatrehallen i Ørsta: Maks 33 personar i hallen samtidig.

    • Kurs: Inntil 10 personar, so lenge ein kan halde 1 meters avstand.


Maks antal personar per seksjon:

  • Klatrehallen i Volda:

    • Tauklatring: 4 klatrarar, max 8 personar samtidig. Minst en bolterekke mellom kvart taulag.

    • Buldring oppe: 4 klatrarar

    • Buldring nede: 4 klatrarar

    • Totalt maks 16 stk i hallen samtidig.

  • Klatrehallen i Ørsta

    • Klatreveggen nede: maks 7 klatrarar samtidig, kvar andre rute i bruk. Dvs 14 stk her.

    • Veggen oppe: maks 4 klatrarar i veggen samtidig, kvar andre rute i bruk. Dvs 8 stk her.

    • Buldreområde + sittegruppe: maks 5 stk klatrande samtidig, 3 kvilande = 8 totalt.

    • Treningsområde oppe: 3 personar.

    • Totalt maks 33 i hallen samtidig.


Ellers har alle eit eige ansvar for å sette seg inn i gjeldande smittevernsrutiner.


Alle som skal inn i hallen SKAL registrere seg på SKK si bookingside www.sunnmrskklatreklubb.makeplans.no for å få plass i hallen (kun booking 1 veke fram i tid)






258 views0 comments

Recent Posts

See All
bottom of page