top of page
Search

Regional Klatrecup Møre og Romsdal 2021/2022

Regional klatrecup Møre og Romsdalen 2020/2021 er ein lavterskel-konkurranse for alle som vil delta, uansett nivå, erfaring og storleik på biceps. Dette arrangementet passar perfekt for barnefamiliar! Arrangør stiller med sikrare, om du ikkje kan sikra sjølv og utlån av utstyr for dei som treng det. Det blir sjølvsagd kafe/kiosk og triveleg stemning for heile familien! 😊

Sunnmørsk klatreklubb er med-arrangør der det i alt blir halde fem arrangement fordelte i fylket. Klatreklubben Ålesund inviterer til den første runden i sesongen kommande laurdag 4. desember. Det blir utdelt t- skjorter til alle deltakarar og klatringen føregår på topptau.


Neste runde blir arrangert 22. januar i klatrehallen i Ørsta, der vi er på heimebane. Det gleder vi oss stort til, og håper at vi ser mange klatre interesserte familier. Meir informasjon vil komma på heimesida vår i forkant.


Første Konkurranse (Klatreklubben Ålesund):

Dato: Laurdag 4. des. 2021

Stad: Sparebanken Møre Arena

Tidspunkt: 09:30 - 16:30


Tidspunkt for konkurransen:

10:30 - 13:00 = Barn / junior

13:30 - 16:00 = Senior


Hovedinngangen i SBM-Arena opnar kl. 09:30, og registrering av deltakarar av i klassane for barn/junior byrjar kl. 10:00. Det er ingen påmelding på førehand.


Deltakaravgift:

Barn + junior = 50,-

Senior = 100,-

Inngang = 0,-


Regional cup er set i gang i regi av NKF der konkurranseforma er uhøgtideleg og det blir kåra ein sammelagt vinnar i kvar klasse. Det blir konkurrert i ulike aldersklassar med vanskegrader tilpassa alle nivå, frå nybegynnarar til erfarne klatrere. Cupen skal vera inkluderande, gi klatreglede og mestring for barn og ungdom som ønsker å konkurrera i regionen. Cupen er meint å vera eit samlingspunkt for lokale klubbar, unge klatrere og foreldra deira.

54 views0 comments

Recent Posts

See All
bottom of page