top of page
Search

Resåling av klatresko!

Det viser seg at det er interesse for resåling av klatresko, så då organiserer vi ei felles sending.


Neste veke samlar vi inn sko i hallane i både Volda og Ørsta og sender ei kasse oppover til Arctic Soles i Lofoten på fredagen. Innlevering av sko skjer i Drop-in tida i hallane. Når du leverer inn skoa må du fylle ut eit enkelt skjema som du puttar inn i ein pose saman med skoa. Vaktene har både skjema og pose til sko.


Prisen på resålinga vil variere mellom 450,- og 650,-kr, avhengig av kor stor reparasjonen er. Du kan sjølv bestemme kva del av skoen som skal resålast (halvsåle og/eller rand), eller du kan be Arctic Soles om å gjere ei vurdering av behovet for deg. Arctic Soles nyttar Vibram sine gummiblandingar. Denne gummien finn du på nye sko frå mellom anna La Sportiva, Ocun, Tenaya, Scarpa og Mad Rock.


Klubben legg ut for samla pris på resålinga, og så betalar du for ditt/dine par med


vipps når du hentar dei. Leveringstida er litt avhengig av kor stor ordren vert, men eit par-tre veker vil det nok ta.


Les meir om Arctic-Soles.


364 views0 comments

Recent Posts

See All
bottom of page