I samband med "friluftslivets uke" arrangerer vi ein uhøgtidleg overnattingstur til buldrefeltet på Saure komande helg, laurdag 4. - søndag 5. september. Dette buldrefeltet ligg i Sjåstadalen, mellom Kalvatn og Bjørke. Her er det imponerande mange store buldresteinar med skyhøg kvalitet. Det beste med dette buldrefeltet er likevel grunneigarane, som er kjempepositive til klatrarar! Mykje av buldringa er på dyrkamark eller beite, men bonden vil midlertidig flytte litt på dyra og og legge til rette for både eigen teltplass og biloppstilling. I tillegg får vi tilgang til toalett! SKK stiller med buldrematter. Ta med eige telt og ovenattingsutstyr. Alt er gratis.
Sindre Dimmen kjem til å vere camp-sjef. Han har vore med på å pusse fram dei fleste problema på feltet og kan vise fram linjer som ellers hadde vore vanskeleg å finne fram til. I tillegg er Sindre regjerande regional mester i bålkos og kokekaffi.
Meir om arrangementet her:
Påmelding (kun for smittevern) her:
댓글