top of page
Search
drift319

Sekkenostalgi

Updated: Jan 11, 2023

Eg tok til å klatre i ‘73 - då hadde nylon alt erstatta naturmateriale i store og små sekkar. Ei kort periode laga rettnok Bjørka ein stor og ein liten sekk der bolen var blå seilduk, botnen var forsterka med skinn, men alt reimverk og slikt var nylon. Eg var smertelig misunneleg på Knut F og Sverre T som hadde råd til høvevis ein stor og liten Bjørka!

På Kopernes & co i Kongens gate i Ålesund fann eg ein bunt med kraftig, grøn seilduk. Frå Ladefabrikken i Velledalen fekk eg skinnbitar, og frå SH i Hemsedal fekk eg band og spenner. Mor mi sin Husqvarna sleit seg gjennom mange lag med stoff og skinn! Resultatet vart noko som med velvilje likna på ein Bjørka.

Så kom Helge S tilbake frå Vollyball turnering i Tjekkia med ein ultimat klatrsekk, men den nye tid var komen der også; bolen var av nylon. Eg lagde nokre kopiar av denne i gul, (for) tynn seglduk. Den siste av dei dukka fram av eit skap og var med opp Rostrum ‘08.

I ‘18 flytta vi til Moltu, sette i stand småbruket og utrusta verkstad i kjellaren. Eg kjøpe ei skomakarmaskin (Singer 29) og industrisymaskin (Pffaf 1245), begge på bruktmarknad. Så var det å jakte på høvelg tilfang; dvs tjukk seglduk, lær, skinn, spenner, nitar og naglar. Skinnlåven har alt dette, men ikkje seglduk. Ein seglmakar hadde litt av same duk eg fann i Ålesund, og eg har gjort nokre feilkjøp på eBay og Amazone, men fann til slutt ei kjelde. No har tjukk, voksa, grøn seglduk for mange år framover!

Inspirasjonen til sekkar eg lagar no, er tjekkiasekken til Helge og 60-tal la Fuma sekk.


Så - no vert det produsert sekkar på bestilling: - stor / mann 40cm rygg, 80cm omkrins - medium / dame 35cm rygg, 75cm omkrins - liten / jobb 30-35cm rygg, 70cm omkrins, kan lage utvendig lomme her Det er lomme i loket og innvendig i ryggen.


Prisen er 1750kr.

Tore Lundberg Moltuvegen 274 6076 Moltustranda 95436980 / luntor@broadpark.no





373 views0 comments

Recent Posts

See All

コメント


bottom of page