top of page
Search

Stor suksess med barneklatring i Sunnmørsk Klatreklubb

Denne hausten har Sunnmørsk klatreklubb (SKK) starta opp barneklatring igjen. Dette er eit tilbod for barn frå 1.-4. klasse, der målet har vore å få ungane til å oppleva meistring og klatreglede.


I si tid vart barneklatring veldig populært i Ørsta og Volda, då heit møteplassen klatresiloen og det var der klatrarane hang. Med to topp moderne klatrehaller har òg populariteten vakse. Dette har gjort til at SKK har børsta kalken av barneklatringa, og no starta opp igjen tysdagar i Volda og onsdagar i Ørsta.

Øyvind Festø driftskoordinator i SKK fortel:

Sunnmørsk Klatreklubb er i vekst, og vi ynskjer at denne veksten òg skal kome i barne- og ungdomssegmentet. Klatring er ein individuell sport som appellerer til mange som ikkje føler seg heime i tradisjonelle lagidrettar, og kanskje fell utanfor den organiserte idretten dersom dei ikkje har andre tilbod.


Godt oppmøte

Det var eit kjempegodt oppmøte på barneklatring i Volda hallen tysdag denne veka. Når klokka nærma seg halv fem fyldes klatrehallen opp med smilande og spente barn. Det var mykje energi i klatreveggen både høgt og lågt.


Når me pratar med Ola Klepp-Groven (7 år) fortel han at klatring er kjempegøy. Vidare spurde vi om han er redd for høgda. Då innrømte han at det berre er litt nokre gonger, men fordi klatring er så artig gløymer han høgda.


Espen Stray Helle er leiar for barneklatring i Volda hallen og er godt fornøgd med at SKK tilbyr organisert klatring for born. Når alle møter opp er vi opp mot 15 unge, med like mange forelder, her er det plass til enda fleire som vil prøve. Barneklatring er meint som eit lågterskeltilbod der ein klatrar og leikar med jamaldra. Det blir òg eit sosialt samlingspunkt for foreldre som er med og hjelper til, fortel Stray Helle.


Inspirasjon til klatring utandørs

Maria Bjørlykke er mor til Jenny Brandsæter (4 år) og Jakob Brandsæter (7 år) som begge er med på barneklatring i Volda hallen for fyrste gong. Ho fortel at barna ønskje å prøva ut klatring etter ein tur til Loen, der dei fekk prøva via ferrata tidlegare i år.

- Bjørlykke legg til at ho fekk tips av nokon kjente at dei dreiv med barneklatring i SKK, og at barna er svært fornøgde med tilbodet.


Avslutningsvis forklarer Festø:

I klatring er det fokus på den individuelle utviklinga og det sosiale. Vi bur i ein del av landet som er skapt for klatring, og Sunnmørsk Klatreklubb har som mål at barn og unge som startar å klatra i hallane våre òg skal få prøva seg utandørs. For å få til dette har vi starta eiga barnegruppe både i Volda og Ørsta, og vi har tre ulike ungdomsgrupper som trenar både i Volda og Ørsta, og etter kvart utandørs.



340 views0 comments

Recent Posts

See All
bottom of page