top of page
Search

Tankar om teknikk og styrke - Jan Vidar Øyen

I haust har eg tenkt ein del på klatring, ikkje overaskande da det er den eine tingen eg driv absolutt mest med både på jobb og i fritida mi. Sidan 2011, då eg kom til Sunnmøre, fram til i dag har det vore ei utruleg utvikling innan innandørsklatring. No må ein ikkje lengre få tak i nokon til å låse seg inn i Siloen, men kan møte opp til dekka bord med vakter som opnar døra til det vertikale.

I takt med dei stadig bedre fasilitetane har antalet klatrarar auka eksponensielt, og medlemstala har aldri vore ‘betre’. Dette til trass har SKK vore flink til å ikkje miste grepet om det som gir oss karakter, aktivitetar som Buldrebord, Fløsamling og Molladalssamlinga. ideen om innandørsnlegg var ikkje unnfanga på 80-talet. Dei sterkaste klatrarane i Europa som Wolfgang Güllich, Aslak Aastorp, Lynn Hill og Øyvind Vadla var med i tidsalderen der ein fyrst byrja å trene for å klatre hardare. Dei aller første “fingerbretta” blei spikra sammen og fingerstyrke ble ei greie. Harde, flotte linjer blei gått og utstyret utvikla seg gradvis for å tilpasse seg dei aukande krava frå miljøet.

Gjennom 90-tallet opna fleire kommersielle klatrehallar, og konkurransar blei meir vanleg. Fram til no hadde innandørsklatring vore trening for utandørsklatring, men eit stort flertal av klatrarane som kom til dei innandørs klatreveggane ville aldri ta skrittet ut. Dette markerte ein ny tidsalder for klatringen. Det som tidlegare har vore trening for å klatre hardare ute blei til aktivitet og glede i seg sjølv.

Medan eg skriv, testar truleg fleire klatrarar seg på vanskelege flytt innandørs. Sannsynlegvis seier også ein del av dei ting som “eg er ikkje sterk nok til å klare dette” eller “eg må trene meir fingerstyrke”. Slik brukar mange klatrarar fritida si på å piske hunden “Ego” på tyngre og tyngre ruter. Misforstå meg rett, det er fett å trene, fantastisk å vera i aktivitet og deilig å prøve hardt. Men vi gløyme at dei som designa innendørs klatring, var heilt latterleg tekniske klatrarar. Lenge før dei hadde ei fingerfjøl i dørkarmen heime gjekk dei ruter få av oss ville kunne repetert i dag.

“ Ganske psykende, men ikke farlig. Egentlig er ruta fin bare du er god nok. “ - Aslak Aastorp til Norsk-Klatring

Det er like vanlig å trene styrke som det å drikke kaffe til frokost eller å skrike beta til vilt framande i buldrehola. Det er forøvrig også utruleg vanleg å ha ringbåndsskader, noko som vitner om at styrketreninga gjerne kjem for tidleg. Fyrst og fremst er det viktig å vere ærleg med deg sjølv om kva du vil, for det er ingen automatikk i at alle vil klatre hardere. Kanskje vil du klatre bedre eller føle deg tryggare? Kanskje har du berre lyst til å sjå digg ut mens du brifar klatrerumpe i sele. Dessverre er det lett å bli sugd inn i “Eg må trene fingerstyrke for å klatre hardare”.

Stian Christophersen skriv i sine 10 bud om trening for klatring “Tren teknikk før styrke”. I sanning er det nok det dei aller fleste vil tjene mest på å prioritere. Mari A. Salvesen sa til Norsk Klatring at hun klarar to pullups. Ho er ein av få norske klatrar som har gått 9/8B på naturlege sikringar (Ronny Medelsvensson - Jøssingfjord). Lynn Hill blei fyrste person til å friklatre “the great roof” og gjorde slik fyrste fribestigning av the Nose. Samanlikna med sine samtidsklatrarar er ho både kort og spjælete. Kvifor sitt det då så langt inne å trene teknikk? Ein kan jo lure på om teknikk er meir personleg, som eit fingeravtrykk av rørsle. Men som

fingeravtrykk låsen på mobilen din; den funker ikkje når den er fullt av skitt og kalk! Så kanskje det kan bli vegen inn i klatreåret 2022? Børst av skitt, løsne dårlig fotarbeid, anstrengt pust og stive hofter, sjå opp og fram, fryktlaust og fokusert! Slik kan ein verkeleg nyte klatringen til sitt fulle, og kanskje nå opp på den nye graden din.


Om du sjølv ikkje vil navigere i jungelen av treningsforum, tips og kvakksalvarar så køyrer vi ei vaksengruppe frå januar med teknikk, taktikk og klatreglede!



117 views1 comment

Recent Posts

See All
bottom of page