top of page
Search

Treningsavgifta heiter no "Aktivitetskort"

drift319


Slik kjøper du AKTIVITETSKORT i Rubic Connect.


Var du medlem i 2024 så har du fått eller vil snart få ein epost med betalingslink for medlemskap (200,-) i Sunnmørsk Klatreklubb for 2025. Treningsavgifta som du betalar for å klatre i hallane har bytta namn til AKTIVITETSKORT.


Du må sjølv gå inn i appen Rubic Connect for å kjøpe det aktivitetskortet som passar deg best. Appen Rubic Connect finn du både i Appstore og Google Play. Du som alt er medlem i SKK kan enkelt logge inn i appen med vipps ved hjelp av telefonnummeret ditt. Du kan sjølvsagt også logge inn med brukarnamn og passord dersom du ikkje har vipps. Dersom du ikkje har appen kan du logge inn og kjøpe aktivitetskort på DENNE NETTSIDA.


Dette har vi gjort for å legge til rette for enklare nøkkeltilgang i framtida, og moglegheit for kortare aktivitetsperiodar. Du kan også krysse av for abonnement, slik at aktivitetskortet vert automatisk fornya når tida er gått ut.


"steg-for-steg" rettleiing:



Klikk på person-ikonet i venstre hjørne
Klikk på person-ikonet i venstre hjørne

Velg Aktivitetskort på sidemenyen
Velg Aktivitetskort på sidemenyen

Velg Sunnmørsk Klatreklubb
Velg Sunnmørsk Klatreklubb

Velg kven du kjøper aktivitetsjort til. Dersom du kjøper til familie så treng berre den som familiemedlemskapet er registrert på å kjøpe aktivitetskort.
Velg kven du kjøper aktivitetsjort til. Dersom du kjøper til familie så treng berre den som familiemedlemskapet er registrert på å kjøpe aktivitetskort.

Velg aktivitetskort som passar for deg. Scroll deg ned til vaksen. student eller familie, dersom du skal ha det. Hakar du av for Abonner så vert aktivitetskortet automatisk fornya når tida du har valgt går ut.
Velg aktivitetskort som passar for deg. Scroll deg ned til vaksen. student eller familie, dersom du skal ha det. Hakar du av for Abonner så vert aktivitetskortet automatisk fornya når tida du har valgt går ut.


Omgrepsavklaring/ordliste:


Medlemskap i Sunnmørsk Klatreklubb: Kostar 200,- Medlemskap er ein føresetnad for å ta del i idrettslaget sine klubbaktivitetar, kjøpe aktivitetskort og delta i klubbdemokratiet. Det er to ulike


Aktivitetskort: Sunnmørsk Klatreklubb driftar to klatrehallar. For å få tilgang til å klarte i desse utan å betale drop-in pris frå gong til gong så må du kjøpe eit aktivitetskort. Aktivitetskortet er digitalt og gyldig i eit gitt tidsrom med oppstartsdato frå kjøpstidspunktet. Aktivitetskort har varigheit på 3, 6 og 12 månader, og ulike prisar for born, vaksen, familie og student. Aktivitetskortet kjøper du i appen Rubic Connect.


Treningsavgift: Vert no erstatta av aktivitetskortet for å mellom anna gjere det mogleg å betale for kortare perioder, få betale for tilgang frå dato til dato, opprette abonnement og etterkvart låse seg inn i hallane med mobiltelefonen.


Nøkkelkort: Firkanta kvitt plastnøkkelkort som kan kjøpast for 100kr dersom ein har betalt aktivitetskort. Nøkkelkorta printast og programmerast av driftskoordinator i Volda, og leggast manuellt inn av hallsjef i Ørsta etter at kortnummer er oversendt på epost frå Volda. Med tida håper vi å kunne kutte ut dette tungvindte systemet og bruke den elektroniske nøkkelen som vi kan aktivere i appen Rubic Connect.


Rubic Connect: App for medlemmer av Sunnmørsk klatreklubb. Melde deg på arrangement, kjøpe aktivitetskort, legge til familiemedlemmer og forhåpentlegvis snart låse opp dørene til klatrehallane i Volda og Ørsta. Appen er kobla til medlemssystemet som Sunnmørsk klatreklubb nyttar til å halde orden i medlemskap, sette opp kurs og arrangement for påmelding, organisere innbetalingar, gruppere vakter og trenarar osv.


Driftskoordinator: Heiter Øyvind Festø og jobbar i Sunnmørsk klatreklubb. Har du problem med å få kjøpt aktivitetskort eller med medlemskapet ditt så sender du berre ein epost til drift@sunnmorsk-klatreklubb.no





112 views0 comments

Recent Posts

See All

Comments


bottom of page