top of page
Search

Klatre inne i sommar?

Drop-in er stengt for sesongen, og det er no berre medlemer med betalt treningsavgift og eige nøkkelkort som har tilgang til klatrehallane.


Dersom du er medlem og IKKJE har betalt treningsavgift så er det lett å ordne dette anten gjennom appen RUBIC Connect eller ved å sende ei melding til driftskoordinator på drift@sunnmorsk-klatreklubb.no


For å få eige nøkkelkort må du vere medlem, ha betalt treningsavgifta og vere over 15 år gammal.


Er du medlem med betalt treningsavgift og nøkkelkort og alt på stell? Då kan du ta med deg gjestar i hallane! Då er du ansvarleg for at dei du har med deg signerer ansvarserklæringa, fyl reglane i klatrehallen og betalar drop-in pris. QR-kodar til både erklæring og vipps-betaling heng lett synleg ved inngangen i begge hallane. Misbruk av denne tillitsbaserte ordninga kan føre til at du får inndrege kortet ditt.


Drop in startar opp att:

26. august i Volda

27. august i Ørsta


Hugs at det er mykje gode forhold for uteklatring på felta omkring oss, og at klubben har ei fantastisk mentorordning som det er gratis å nytte seg av! Meir om dette HER.




21 views0 comments

Recent Posts

See All
bottom of page