top of page
Search

Molladalssamling 2025!

Helga 8.-10. august er det sett opp Molladalsamling i kalenderen til Sunnmørsk Klatreklubb. Dette er eit sosialt arrangement for klatrarar som møtast i verdas udiskutabelt finaste dal for å henge saman. Denne henginga skjer både rundt bålet på kveldstid og i tau på ulike klatreruter. Nokre av klatrarane likar stramt tau, andre likar slakt. Felles for dei alle er at dei trivast i fjellet, og at dei er meir eller mindre opne for å møte andre i same situasjon.


Molladalsamlinga går langt tilbake i tid, og i alle fall tilbake til godt ned på 80-talet. Klatreklubben sitt ansvar under samlinga avgrensar seg til å sørge for at det står ein sekk med ved der stien opp til dalen startar. Meininga med denne veden er at folk kan ta med seg eit par vedkubbar til kveldsbålet. Ein har no uansett med seg så alt for lite i sekken.


Sporlaus ferdsel i Molladalen betyr:

  • Ta med deg kvar ein tannpirkar og posesnus du bar med deg opp. INGENTING skal ligge att.

  • Finn du spor/skrot etter andre? Då tek du det med deg heim og set det inn på kontoen for god karma.

  • Om du absolutt må på nummer to - Ta helst med deg produktet heim. Ellers - gå grusomt langt vekk frå teltplassar og råser, brenn opp (eller ta med deg) brukt dopapir og dekk fint til etter deg med noko mose eller liknande. Tips: Gå gjerne på do før du går opp i dalen, og klatr så hardt og mykje at du brukar opp all maten du puttar inn.


Nokre ruter ligg det førar til HER.

Andre ruter finn du i boka "Sunnmøre - Frå tinder til kampesteinar". SKK har nokre for sal. Kontakt drift@sunnmorsk-klatreklubb.no om du treng ei.


På vedlagte bilete demonstrerer styremedlem Sondre korleis ein kan kose seg i Molladalen. Frå ein tur i mai.

Vel møtt!



 
 
 
bottom of page